Et forsøk på å illustrere et av de mer dystre dikt av min mor, Astrid Krog Halse, (hentet fra diktsamlingen Gull over Gråstein).
Kvifor drap du bor din Kain?
Einsam va’ du. Skum va’ kvelden.
Offerrøyken la seg ned.
Hatet smøygde seg innåt deg.
Fekk ditt hjarta ikkje fred?
Kvifor drap du bror din, Kain?
Blodet ropar ifrå jorda.
◊◊◊
Einsam vart du. Grå vart dagen.
Hjarta ditt fekk alder ro.
Orda som du haur’ i natta,
brann i sjela di som glo.
Kvifor drap du bror din, Kain?
Blodet ropar ifrå jorda.
◊◊◊
Det som longe sia henda,
hendar det med deg i dag?
Let du avundsjuka rå deg?
Gjømme’ du på hat og nag?
Kvifor drep du bror din, Kain?
Blodet ropar ifrå jorda.
◊◊◊
Trur du Gud har vendt seg frå deg?
Ingen vaktar dine steg?
Røysta hans vil alltid nå deg,
følgje deg på all din veg.
Kvifor drep du bror din, Kain?
Blodet ropar ifrå jorda.
Astrid Krog Halse